172001nk172001n172001172001nmnnk172001nmkl

Klar for morgondagens utfordringar

Fokus Regnskap AS i Fosnavåg på Sunnmøre gir rekneskaps- og rådgivingstenester etter dagens bransjestandard, skreddarsydd til dine behov. Med ekstra fokus på kvalitet, service og innovativ utvikling, er dei klar for morgondagens utfordringar.



Tenestespekteret til Fokus Regnskap strekkjer seg frå komplett, løpande rekneskapsføring til råd og bistand i kritiske situasjonar.


-Ved å velge riktige rekneskapstenester, kan du frigjere tid slik at du kan konsentrere deg om dei oppgåver som skal gi verksemda framgang og vekst, seier Stig Vestnes, eigar og dagleg leiar i verksemda. På kundelista har dei i underkant av 200 verksemder, og nyt stor tillit ute i marknaden.


Totalleverandør

Fokus Regnskap er totalleverandør innen regnskapstjenester. Dei tilbyr online tilgang til regnskapet via Internett, for dei kundar som ønskjer dette.


- Hos oss er kundane sikra ein fast kontaktperson, fast oppfølgingsplan, moderne tekniske løysingar og support, seier Vestnes. Han fortel at dei har inngått avtale om å ta i bruk skysystemet «PowerOffice GO", og at dei er i gang med å presentere dette for nokre pilotbedrifter. 


- Vi har brukt tid på å finne eit system som vi meiner vil forenkle kvardagen for våre kundar, og som er komplett nok til å vere eit godt verktøy. Ved bruk av moderne rekneskapssystem er det no enkelt å dele på arbeidet. Vår kunde kan utføre den delen av arbeidet som dei er komfortable med, samstundes kan dei enkelt få hjelp om dei står fast.  Vi vil jobbe i same systemet på ein effektiv og god måte. Vi kan ta oss av den delen som er komplisert, og kvalitetsikre at alt arbeid blir rett utført, seier Vestnes.


Automatiseringa som no skjer i bransjen, vil forenkle mange oppgåver og effektivisere kvardagen både for rekneskapsbyrå og for bedrifter som tek i bruk automatiserte tenester.


-Dette gir gode moglegheiter for tettare samarbeid mellom rekneskapsbyrå og kunde, og vi vil enklare kunne vere ein god rådgivar som bidreg til utvikling og verdiskaping for våre kundar.


172001


Rådgivar

Den daglege leiaren i Fokus Regnskap fortel at dei utfører alt frå ordinære, til meir omfattande analyser av økonomi og drift.


-Vår rådgiving baserer seg på ein analyse av rekneskap og nøkkeltall, samt utviklinga i verksemda dei siste åra. Med bakgrunn i dette vil vi kunne gje forslag til tiltak som kan betre eller sikre den økonomiske situasjonen i verksemda, påpeikar han.


Fokus Regnskap er ei kompetanseverksemd som utarbeider grunnlag for at kundane kan ta gode avgjerder i sine verksemder.  


-Vi satsar på kontinuerleg bedriftsutvikling av Fokus Regnskap AS, og arbeider no med eit utviklingsprogram saman med Rekneskap Norge for å vere ein endå betre tenesteytar til våre kundar, påpeikar Stig Vestnes. Han viser til at dei tilbyr rådgivingstenester innanfor økonomistyring, bistand ved investering og finansiering, skatterådgiving- og planlegging, stifting av selskap, vedlikehald av aksjonærregister og styresekretær-funksjonar. Han fortel at dei også hjelper til med fisjonar og fusjonar i samarbeid med revisor.


- Vi gir også gode råd ved etablering av gode internrutinar hos klient, generell bedriftsrådgiving, selskapsevaluering ved kjøp og sal, restrukturering og kostnadseffektivisering, krisehjelp og økonomisk rådgiving, seier Vestnes.


172001nmkl


Fakturering og betalingsformidling

Fokus Regnskap har lang erfaring med å utføre fakturering på vegne av sine kundar. Det vert etablert effektive og funksjonelle rutinar for fakturering, purring og inkasso.


- Vi har også effektive og sikre løysingar for å betale på vegne av kundar. Dette gjeld både ordinære fakturaer og løn. På denne måten tek vi vekk dobbeltarbeid, påpeikar han.


- Gjennom å sette faktureringsarbeid og betalingformidling til oss, kan vi vere med på å forenkle kvardagen for dei som driv ei bedrift - i tillegg til å frigjere kapasitet, seier Vestnes.

Les mer...

2017-05-30 13.15

theship5

Revolusjonerer shippingbransjen: Fremsynt app automatiserer dataene mellom skip og land

Artikkel Med fokus på effektivisering og sanntidsdata i shippingbransjen, har det norske techselskapet The Ship AS, utviklet en app som automatiserer dataene mellom skip og land.
hageogmotor3

Har produktene som sikrer en aktiv fritid

Artikkel Hage & Motor AS, er en faghandel for ATV, UTV, snøscootere, skog og hageutstyr til privatpersoner, bedrifter og kommuner. Med et kompetent verksted som tilbyr reparasjoner og service, er faghandelen i...

    Kontaktinformasjon

    • Fokus Regnskap AS
    • Mail:
    • Hjemmeside:
    • Telefon:
      70 08 12 96
    • Adresse:
      Eggesbøvegen 2A, 6092 Fosnavåg
    hytte

    Utnytt din gamle hyttes potensiale

    Hyttekulturen står sterkt i det norske samfunnet. Mange har hytter som har gått i arv gjennom generasjoner, og som med tiden trolig har blitt slitt og trenger oppussing. I dag bygges det nye hytter for fullt, og dessverre blir mange eldre hytter stående tomme eller revet ned for å bygge nytt. 

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

    Farvel til tradisjonell leksehjelp?

    Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

    Arkiv